* Mengda kveitemjøl, rugmjøl og breiemjølet (blanding av kveitemjøl og byggmjøl til utbaking) må tilpassast slik at deigen blir god å knå ut. Ikkje bruk for mykje rug på bakebordet, då det fort kan gje altfor fast knåa.
Kok opp mjølk og vatn. Slå den kokande væska over havregryna og det grove kveitemjølet. Rør saman og legg ein handduk over, så det ikkje blir skorpa på. Lat det stå over natta.
Tilset sammalt fint kveitemjøl til passe deig.
Knå i fin rug når deigen er på bakebordet. Bruk ei blanding av byggmjøl og fin kveite til utbaking.
Steik på takke.
1 porsjon gir cirka 42 leivar.