close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


festkake

Festkake

Kjempegod og glutenfri fargeklatt på kakebordet ved dei store anledningane.

Glutenfri
  • local_offer Kaker
  • local_dining Middels
  • timer 2 timer
  • location_on Hordaland
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 5 stk egg (skiljast)
  • 250 g hasselnøttkjerner
  • 250 g melis
  • 150 g sukker
  • 1 dl kremfløyte (til gul krem)
  • 150 g usalta smør
  • 2 ts vaniljesukker
  • 12 l kremfløyte
  • 0 ukjent kiwi, jordbær, mandarin, druer til pynt

Fremgangsmåte

Nøttebotnen:

  1. Forvarm ovnen til 180 grader. Smør og kle ei form (24-26 cm) med bakepapir.
  2. Mal hasselnøttkjerner. Stivpisk eggekvitane. Rør saman med malte hasselnøtter og melis.
  3. Steik i cirka 25 minutt på nederste rille.

Eggekrem:

  1. Bland eggeplommar, sukker og fløyte i ein kjele og gje eit oppkok. Rør heile tida så kremen ikkje skil seg. Tilset smøret og rør til det er smelta. Smak til med vaniljesukker. Avkjøl.

Montering:

  1. Ha eggekremen utover nøttebotnen.
  2. Pisk krem av fløyte og dekk kaka med denne. Pynt med kiwi, mandarinbåtar, jordbær og blå eller grøne druer.

Tips!

Det kan vera lurt å frysa ned botnen med gul krem på før ein har kremen over. Det kan derfor vera lurt å lage kaka over to dager.


place
Hordaland

Rettens opphav

Frå 1900 og utover vart det vanleg med vedkomfyrar med steikjeomnar. Då kom formkakene meir i bruk og konkurrerte ut kakene som var steikte på helle - som var mest vanleg fram til då. Blautkaker i ulike varianter vart meir vanlig, og spesielt frå 1950-talet ble det meir variasjon i kakene.
Denne oppskriften ble sendt inn av Liv Spilde i Bjørgum Bygdekvinnelag til Norges Bygdekvinnelags oppskriftstafett i 2012.