close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


Eplesmultringar

Smultringar med ein smak av Hardanger.

  • local_offer Kaker
  • local_dining Middels
  • timer 4 timer
  • location_on Hordaland
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 8 stk egg
  • 1 kg sukker
  • 3 dl fløyte
  • 3 dl lettrømme
  • 4 dl kefir
  • 7 dl mjølk
  • 1 dl vatn
  • 1 ts hornsalt
  • 1 ts natron
  • 1 ts bakepulver
  • 2 ts sitronsaft
  • 2 kg kveitemjøl
  • 8 kg eple
  • 2 kg smult

Fremgangsmåte

  1. Varm smulten i ei gryte
  2. Lag eggedosis av egg og sukker. Pisk fløyten til krem. Pisk rømma. Bland alt saman, men pass på at det ikkje vert seigt.
  3. Skrell epla i skiver, om lag ein halv centimeter tjukke. Dupp epleskivene i røra, og ta deig rundt heile epleringen. Steik i varm smult og legg dei ferdige smultringane på gråpapir så feittet får renne av.

Dette er ein stor porsjon som gir mange smultringar. Eplesmultringane er best nysteikte, men tolar ein omgang i frysaren.

Grimo Bygdekvinnelag steiker eplesmultringar:


place
Hordaland

Rettens opphav

Oppskrifta er sendt inn av Grimo bygdekvinnelag. Oppskrifta er inspirert av oppskrift på eplesmultringar i "Den store epleboka" av Astrid Grønsnes og Sara Grethe Eitrheim, Samlaget 2002. I denne oppskrifta har matentusiastar i Grimo bygdekvinnelag tilpassa eplebok-oppskrifta til tradisjonell smultringoppskrift, og hausta mykje vellæte for desse smultringane med smak av Hardanger. Det har i fleire år vore steikt eplesmultringar i ei røykstove i tunet på Hardanger folkemuseum på Utne i samband med ulike arrangement der bygdekvinnelaget har teke del.
Smultringar er tradisjonell bakst også i Hardanger. Og eple er ei lett tilgjengeleg råvare.