- Bland saman kveitemjøl og melis, smuldra i margarinen. Lat deigen stå 1 time i kjøleskåpet.
- Kjevla eller trykk ut 3/4 av paideigen i ei paiform.
- Skrell epla, skjær dei i båtar og legg dei tett i tett i botnen. Tøm vaniljesausen oppå.
- Ta resten av paideigen og trill til lange strimler. Trykk strimlane flate og legg dei i kryss på toppen av paien.
- Sett paien i kald omn, og steik den i cirka 50 minutt ved 180 grader.
Server gjerne paien med piska krem eller med is.
Du kan også lage vaniljesausen sjølv – prøv vår oppskrift her.