
Epleomelett
Deilig høg og luftig dessert frå fruktbygda Valldal.
Desserter
Middels
45minutter
Møre og Romsdal
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 5 stk epler
- 2 ss sukker
- 2 ss margarin
- 3 ss kveitemjøl
- 5 dl vatn
- 1 ss sukker
- 2 ss hakka mandlar
- 3 stk egg
Fremgangsmåte
- Legg eplebåter i ei smurd eldfast form. Strø sukker over.
- Lag ein ljos saus ved å smelte margarin, røre inn kveitemjølet og spe med vatn. Kok opp. Ha i sukker og hakka mandler.
- Skil egga. Rør i eggeplommane når sausen har avkjølt seg.
- Skjer inn stivpiska eggekvite tilslutt. Ha blandinga over eplebåtane, og steik i cirka 30 minutt ved 200 grader.
Denne epleomeletten vert høg og luftig. Serverast straks varm, med piska fløyte til.
Slik ser epleomeletten ut før den stekes i ovnen. Foto: Anne Drugli.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Solveig Linge Stakkestad i Valldal Bygdekvinnelag. Oppskrifta finst også i boka «Den gode smaken», utgitt av Møre og Romsdal Bygdekvinnelag.
Solveig skriv: «Eg lærte denn oppskrifta på skulekjøkkenet i 1957, då eg var elev ved Valldal skule.»