- Skjær opp kjøtt, flesk, pølser, potet og grønsaker i bitar.
- Kok opp mjølka, ha i kjøtt og flesk. Kok i 1 time.
- Ha i pølse, potet og grønsaker. Kok til alt er mørt, 1/2 – 1 time. Ha i jamningen, kok 2-3 min., og smak til med salt, sukker og krydder.
Båttågrøt frå Ner-Brattset
Sjeldan kombinasjon av råvarer.
local_offer Middagsretterlocal_dining Letttimer 3 timerlocation_on Sør-Trøndelag-
favorite_border
Ingredienser
- 1 kg kjøtt av sau, gris eller okse
- 300 g lettsalta flesk
- 500 g grov kjøttpølse (kalles kokmær)
- 1 kg potet
- 5 stk store gulrøtter
- 600 g kålrot
- 2 stk lauk, purre, graslauk eller kva du likar
- 1 ts timian ,eller meir
- 1 stk ingefær, pepper, allehånde,
- 1 ukjent salt,sukker etter smak
- 3 ss kveitemjøl rørt ut i mjølk til jamning
- 3 l mjølk, gjerne skumma eller lettmjølk
Fremgangsmåte
Rettens opphav
Dette er den einaste oppskrifta vi veit om der kjøtt og grønsaker er koka i mjølk til ein slags graut.
Oppskrifta er etter Randi Sletten frå Brattset i Rennebu, født 1832, gift på husmannsplassen Sletten, Ho var dyktig i allslags arbeid, og var sjølvskriven kokke i bryllup og gravøl i grenda i ein liten mannsalder. Ho for og mykje kring og båkkå flatbrød, og tok på seg spinning og veving. Ein gong kom ho til ein gard før folket var stått opp, det høljregna og Randi var blaut som ei kråke da ho kom inn,"Mijnn, e ferstår no itj at du sitt ut i sådant ver!" sa kallen på garden då han låste opp døra og fekk sjå "regnkråka". "Å, e æ no itj nån saltsekk", sa Randi tørt. Oppskrifta er sendt inn av Marit Gorsetbakk i Rennebu Bygdekvinnelag. De har fått oppskrifta av Engel Brattset, født 1902. Han var gift med Ane, sonedotter til Randi.