close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


camera_alt FOTO: Kaisa Tiivel
Foto: Kaia Tiivel

Anislefse

Krydra, søt og mektig lefse.

  • local_offer Brødmat/Bakverk
  • local_dining Middels
  • timer 20 minutter
  • location_on Hordaland
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 250 g smør
  • 1 l heilmjølk
  • 2 stk egg
  • 3 ts hjortesalt
  • 1 stk pakke anisfrø
  • 135 kg kveitemjøl (til sjølve knåa)
  • 25 kg kveitemjøl (til utbaking)
  • 12 kg smør (til fyll)
  • 500 g melis (til fyll)
  • 3 dl lettrømme (til fyll)
  • 1 ts vaniljesukker (til fyll)
  • 1 ts kanel (etter smak) (til fyll)

Fremgangsmåte

Smelt smøret og bland kald mjølk oppi. Varm opp mjøleblandinga, men ikkje så den blir for varm, sidan ein skal ha egg i. Visp saman egga og ha i mjølkeblandinga.

Ha i det tørre (sikt gjerne melet) og rør om til passe deig. Knåa (deigen) skal ikkje vera for fast. La knåa stå til ho er kald før utbaking. Ein kan óg laga emnene medan knåa er varm.

Lag bollar på omlag 140 gram. Set dei på eit fat strødd med mjøl. Stå litt mjøl oppå bollane, dekk til med klede og plastfolie, men ikkje heilt tett, varmen må få sleppe ut. La emnene stå til dei er kalde.

Bak ut emnene til leiver. Steik på begge sider på middels varm takka. Leivene skal vere lyse. Ikkje lag dei for, då kan dei smuldre opp ved smyrjinga.

Fyll: 

Rlr smør, melis, vaniljesukker og rømme til ei jevn, kremaktiv smørje. Bruk gjerne kjøkenmaskin. Ha i litt kanel vis du ynskjer det.

Bløyt leivane og legg dei ut over eit fukta klede. Ha fukta klede oppå.

Når leiven er mjuk, smør eit tynt lag fyll på heile leiven. Brett inn mot midten frå begge kantar og brett så ein gang til, slik at du får eit rektangel. Del lefsa i passe betar før servering.

Lefsene kan du frysa ned i plastposar.


place
Hordaland

Rettens opphav

Denne oppskrifta har vi fått av Aud-Marit Netteland i Bjørgum Bygdekvinnelag. Ho fortel at på 1990-talet vart skipa til eit kurs i lefsebaking i Nord-Hordaland. Der var denne oppskrifta brukt, og eg fekk den hjå ei som deltok på kurset. Eg baka saman med henne, og tok oppskrifta vidare med meg. Etter den tid har anislefser vore fast innslag på kakebordet til jul. 

 

Denne oppskrifta og mange andre tradisjonsoppskrifter frå Bjørgum og omegn finn du i oppskriftsheftet Tradisjonsmat, som Bjørgum Bygdekvinnelag gav ut i 2019. Boka kan kjøpast ved å ta kontakt med Bjørgum Bygdekvinnelag.