Sildkak’ frå Nordmøre

sild på papir

Sildkak’ frå Nordmøre

Tradisjonell middagsmat under sildefisket

Middagsretter

Middels

30minutter

Møre og Romsdal

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 0.5 kg ferdig reinsa fersk sild
  • 2 ss potetmjøl
  • 3 dl skummamjølk
  • 0.5 ts salt
  • 1 ts ingefær (etter smak)
  • 1 ts muskat (etter smak)

Fremgangsmåte

Filetér hel sild eller kjøp ferdige filétar av fersk sild. Skjer frå det lyse sildekjøtet, og la det mørke være att. Mal filetane på kjøtkvern 4-5 gonger, saman med salt og potetmjøl. Såe med kald skummamelk til ein høveleg deig. Tilset krydder og rør godt inn. Lag flate kaker og brun dei i feitt på steikepanna.

Kok dei ferdigsteikte kakene i ferdig laga brunsaus. Spe sausen med like delar grønsakkraft og sildekraft.

 

Rettens opphav

Denne oppskrifta er henta frå boka «Den gode smaken – om bygdekvinner, mat og matkultur frå Møre og Romsdal», gjeve ut av Møre og Romsdal Bygdekvinnelag.

Oppskrifta er sendt inn av Irene Røe Vaagan i Halsa Bygdekvinnelag. I boka fortel ho om sildefisket:

«For folk langs kysten har sjøen alltid vore ei naturleg matkjelde. Slik òg for oss på nordvestlandet, nærare bestemt i Halsa på Nordmøre, her er framleis sjøen og fisken ei viktig matkjelde. Før var det alltid stas når storsilda kom inn i fjorden om tidlegvåren. Då kasta alle mann frå seg det dei hadde i hendene, og strauk beinast ned i naustet og sette færingen på sjøen, fullasta med sildegarn. No skulle storsilda takast! Som regel kom karane tilbake med fangst, i våte vadmelsbukser og numne i hender og føter etter å ha drege opp sildgarna. Når silda stod i fjordane, fekk kvinnfolka på garden mykje å gjere. Det var om å gjere å få laga sildemat i alle variantar, sildekarbonader, innmatkaker, blandaball, fiskeball, spekesild med meis, og naturlegvis òg sildekaker, eller sildkak’, som vi seier på Nordmøre.»