
Ystepudding
Råmjølksdessert.
Desserter
Lett
2timer
Hordaland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 2 l råmjølk
- 2 ss sukker
- 1 ts vaniljesukker
- 2 ts kanel
Fremgangsmåte
- Bruk halvt av det fyrste målet etter kalving og halvt av det 2. målet.
- Bland mjølka med sukker og vaniljesukker, ha det oppi ei eldfast skål eller brødform, Strø på kanel. Set det i vannbad i steikeovnen på 150 gr i ca 2 timar. Kjenn med skei når det er passe stivt. Lurt å prøva med litt i ein kopp fyrst, blir det for hardt må ein tilsetja heilmjølk.
Server med raud fruktsaus eller karamellsaus
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Anita Jordalen i Egdetveit Bygdekvinnelag. Ho skriv at desserten vart ofte kalla spannost før, pga det vart kokt i eit spann i vannbad.