
Helle Cecilie Berger
Emissærkaker
Gamal oppskrift frå Voss.
Kaker
Lett
30minutter
Hordaland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 6 dl kveitemjøl
- 1.5 dl sukker
- 0.5 ts natron
- 5.5 dl surmjølk
- 4 stk dropar mandelessens
- 25 g korianter
Fremgangsmåte
- Ha mjøl, sukker og natron i ei skål, slå i mjølka og til sist korianter og dropar.
- Steik på helle som små lappar.
Rettens opphav
Denne oppsrkifta er sendt inn av Anita Jordalen i Egdetveit Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Desse kakene kunne gøymast i ein fuktig duk opp til ei veke og vart mykje brukt den tida emissærane fekk husly på gardane . Dei brukte ofte saup etter kinninga istadenfor surmjølk. Eg har funne oppskrifta i boka Vossamat og dei har funne oppskrifta i Ragna Slettemark si husstellskulebok.
Surmjølkskaker, natronkaker og frunsekaker er andre navn på desse kakene. Navnet vart brukt til etter krigen.»