
Kvikako frå Kvam gard
Takkesteikte kaker som finst i mange varianter.
Brødmat/Bakverk
Middels
2timer
Oppland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 5 dl byggmjøl
- 7 dl heilmjølk, ca
- 1 ts natron
- 1 ts salt
Fremgangsmåte
- Bland alt, la røra svelle.
- Bruk fleskesvor (tøke) til å smørje takka med. Steik på takke på middels varme. Kvikakudn skal vera tynne, bruk ei lita tresleiv til å ha røra på takka med.
Server med rumme og syltetøy, evt. sukker.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Vang Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«Kvikako vart oftast laga på stølen. Det er svært mange variantar av desse takkesteikte kakene. Oppskrifta her er frå Gamle Kvam gard – som held i hevd den gamle tradisjonen, fortel Guro Råheim Kvam frå Vang Bygdekvinnelag.»