Kurv (spekepølse)

Kurv (spekepølse)

Når gauken gjel er kurven ferdig!

Tilbehør

Middels

4timer

Oppland

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 18 kg kjøt av elg/hjort
  • 3 kg geitkjøt
  • 3 kg innmat
  • 6 kg spekk
  • 1 kg mørk sirup
  • 1 l blod
  • 1 dl cognac
  • 1 kg salt utan jod
  • 100 g pepar
  • 60 g nellik
  • 20 g allehånde
  • 1 l solbær/blåbærsaft utean konserveringsmiddel

Fremgangsmåte

  1. Mal kjøtet og innmat  (lever,nyrer og hjarte av geit) 3-4 gonger, mal med spekket  dei to siste gongene.
  2. Bland krydderet. Saltet for seg. Bland alle ingrediensane i stappa – elt og bland godt! Salt til slutt. La blandinga stå kaldt nokre timar. Du kan prøvesteike kurvestappa for å vurdere salt og kryddersmak.
  3. Stapp i tarmar eller kunstskinn. La ligge flatt om lag 1 døgn før kurven blir hengt til tørking på eit kald og luftig plass. Gjerne eit stabbur. Når gauken gjel fyrste gong om våren, er kurven ferdig.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Vang Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«Alle Valdrisar veit kva kurv er. Det er Valdresvarianten av spekepølse.
Kurven skil seg noko frå anna spekepølse ved at ein brukar mindre innmat. I vår oppskrift er det litt innmat frå geit, men hovudsakleg kjøt og spekk.
Frå gamalt hadde kvar gard si oppskrift på kurv. Denne vart hegna om som ein løyndom. Det er framleis stor variasjon på innhald og dels på framgangsmåte.
Det blir framleis laga kurv på mange gardar i Vang. Skulen har så vel teke opp tradisjonen og 9. klassingane lærer å lage kurv. Med andre ord: ein levande tradisjon.»