Korv frå Voss

Korv frå Voss

Nydeleg røyka korv.

Middagsretter

Vanskelig

1døgn

Hordaland

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 2200 g svinekjøt
  • 2200 g sauekjøt
  • 2200 g kjøt av storfe el. hjort
  • 2 kg spekk
  • 144 g salt
  • 16 g pepar
  • 8 g muskat
  • 500 g potetmjøl
  • 2 l vatn

Fremgangsmåte

  1. Kjøt og spekk malast på kjøttkvern. Tilset salt og krydder. Bland i vatn og potetmjøl. Blandast godt for hand. (Om du bruker hjort bør du bruke 2 kg spekk. Om du bruker storfe kan mengden spekk reduserast).
  2. Steik ei prøvekake på ei steikepanne før ein byrja å korva – helst i usalta smør eller olje. Då finn ein ut om ein må ha meir salt i.
  3. Skyll tarmane godt i kaldt vatn, tre dei på pølsehorn, fyll jamt på med farsen og knytt med bomullshyssing.
  4. Røyk dei ein dag.
  5. Tilberedning: Trekk korven i 35 – 40 minutt i vatn som held cirka 95 grader.

Serverast med potetstapp eller potet. Kålrot smakar godt til.

Denne oppskrifta gir cirka 20 korv.

 

 

 

 

 

 

 

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Anita Jordalen frå Egdetveit Bygdekvinnelag.