
Badlasuppe
Tradisjonsrik rett frå Vossestrand.
Middagsretter
Middels
3timer
Hordaland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 2 stk egg
- 2 dl mjølk
- 3.5 dl kveitemjøl
- 1 stk røykt svineknoke
- 0 ukjent røykt lammekjøt
Fremgangsmåte
- Lag røre av egg, mjølk og kveitemjøl.
- Kok opp vatn. Bruk ei stor sleiv og slepp enkeltvis nedi små ballar av røra. Kokast i 15 minutt på svak varme.
- Bland kraft frå kokt røykt svineknoke og røykt lammekjøt og bland i mjølk. Legg dei kokte badlane oppi mjelke-/kraftsuppa.
Server badlasuppen med det kokte røykekjøtet innåt.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Anita Jordalen i Egdetveit Bygdekvinnelag. Ho har oppskrifta frå Per Anders Tvete. Han skriv:
«Badlasuppe var noko ho mor laga. Eg veit at Sittona Dregalid, tanto mi, laga det, so mest sannsynleg har dei lert det av bestemor her på Tveito (Vossestrand). «