
Morr på Lesjavis
På Lesja var den gjevaste slaktematen var morr.
Middagsretter
Lett
1timer
Oppland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 800 g morr
- 1 stk lauk
- 1 ss smør
- 1 dl kraft
- 1 ts karve
- 7 stk kokte poteter
- 0 ukjent salt og pepar
Fremgangsmåte
- Steik kjøtt og lauk i ei gryte. Gni kjøttet godt under steikinga slik at det blir grynete. Om morren er feit, lettar det fordøyinga om ein tilset karve. Set til kraft,salt og pepar og la det småkoke litt.
- Legg i kalde oppskorne poteter og la det bli gjennom varmt.
Server med flatbrød til, eller som dei gjer på Lesja; med mjukbrød .
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Lesja Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«Den gjevaste slaktematen var morr, lenge var dette den einaste måten hakka kjøtt vart brukt som varm mat. Morr var hakka kjøtt og innmat, steikt i gryte og ete attår flatbrød. Etter kvart vart det vanleg å leggje i oppskorne poteter. Det seiast at «morr var det beste ein kunne få», og ofte det fyrste måltidet som vart laga til av slaktet. Det vart nytta kjøtt frå hals og nakke, avskjer frå andre kjøttstykkje, innmat og dei slagsidene som ikkje vart nytta til rull. Det vart og nytta kjøtt både frå gris og sau attåt storfekjøtt, og morren var feit!
No lagar mange morr av vanleg kjøttdeig, men han blir best på gamlemåten.
På Lesja et vi han på beta av mjukbrød, blandar inn litt lauk og kokt potet, salt og pepar og et han glovarm. Det er godt med kokt kålrot og gulrot attåt, men tradisjonelt var det berre morr og mjukbrød som stod på bordet. Randi frå Lesja Bygdekvinnelag fortel at dei har brukt saukjøtt i «alle» år.»