
Sirupskake frå Sør-Fron
Kake som er mykje baka på barneskulen i bygda.
Kaker
Lett
1timer
Oppland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 10 dl kefirmjølk
- 500 g sirup
- 500 g sukker
- 3 ss appelsinmarmelade
- 3 ts nellik
- 2 ts ingefær
- 1 ts pepar
- 1 stk kopp rosinar
- 1100 g mjøl
- 3 ts natron
Fremgangsmåte
- Rør saman kefirmjølk, sirup, sukker og appelsinmarmelade. Tilsett: nellik, ingefær og pepar, og rosinar som har stått ei lita stund i kokande vatn. Bland mjøl og natron og tilsett dette.
- Steik i stor langpanne ved ca 200 grader i 30 minutt. Skru ned til 150 grader og steik vidare i 15 minutt til.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Sør-Fron Bygdekvinnelag. Dei skriv at Midtbygda Skule fekk oppskrifta av Berit Viken for lenge sidan. Den har vore brukt til fest mange gonger, fortel Eli Ringen frå Sør-Fron Bygdekvinnelag.