Kvitpøsje

Kvitpøsje

Tradisjonelt tilbehør til blodpølse.

Tilbehør

Lett

1timer

Oppland

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 2 dl halve byggryn
  • 2 dl vatn
  • 2 dl kveitmjøl
  • 2 dl H-mjølk
  • 100 g smør
  • 1 ts salt
  • 3 dl sukker
  • 1 ts kanel

Fremgangsmåte

  1. Kok opp byggryn, vatn og smør. Tilset jevning av mjølk og mjøl. Tilset resten og rør saman, før det has i ei brødform. Steikes i forma, i vannbad i steikjeomnen. Eg sette omnen på 100 grader og lot det vera inn på ein snau time.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Borgny Sletten i Ruste Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Dette var noko som var mykje brukt om hausten etter slaktinga. Som tilbehør til blodpølse og blodklubb. Nokon likte dette så godt at dei og et det på brødskiva når dei laga seg skulemat.»