Asningskaku

kjøkkenutstyr

Asningskaku

Brød med lange tradisjoner.

Brødmat/Bakverk

Middels

20minutter

Buskerud

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 500 g poteter
  • 1 dl sammalt rug
  • 1 dl sammalt kveite
  • 1.5 dl byggmjøl
  • 4 dl kveitemjøl
  • 4 dl mjølk og/eller vatn
  • 50 g gjær
  • 1.5 ts natron
  • 1.5 ts salt

Fremgangsmåte

  1. Skrell og kok potetene. Mal dei 2 gonger eller trykk dei gjennom ei potetpresse. Avkjøl lite.
  2. Rør gjæren ut i lunka væske. Bland i mjøl og natron. Deigen skal no vera laus som rundstykkedeig. Hev den ein times tid.
  3. Kna inn potetmassen.
  4. Lag deigen til 4 runde, flate kaker 1,5 – 2 centimeter tjukke. Hev dei godt på ei mjøla plate.
  5. Kan steikas på båe sider på middels varm takke, slik dei gjorde det i årevis før komfyren vart vanleg. No steikje me i elektrisk steikjeomn eller i vedkomfyren på stølen – då blir den ekstra godt. Utta potet blir dei lettare, men får ikkje den same, gode smaken.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Nes Bygdekvinnelag i Buskerud. Oppskrifta er henta fra boka «Hallingkost» av Lise Laa (1998).
I boka kan vi lese at asningskaku var det einaste gjæra brødet dei hadde fram til vedkomfyren kom i bruk i 1880-åra, då dei kunne steikje omnsbrød.
Til jol steikte dei i gamle dager på uppreist takke. Då sette dei takka på hall i peisen. Sette ei staurstong på skrå og let takka kvile mot den. Dei hadde eld bakafor og glohaug framma. Kaka fukta dei med vatn på eine sida og slengde ho på takka. Takka deia dei med ei trosse eller tong. Steikinga var mannfolkarbeid. Gjær fekk dei av ølet.