Sekkjepysje mauk

Gammelt kjøkkenutstyr

Sekkjepysje mauk

Middagsmat med lang historie frå Lesja.

Middagsretter

Middels

3timer

Oppland

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 3 l blod
  • 300 g smågryn (kokt)
  • 1 kg byggmjøl
  • 1 ss salt

Fremgangsmåte

  1. Bland alt til ei røre (mauk), om lag som ei tjukk vaffelrøre. Fyll røra i tett lerretspose (20×50 cm), og knyt han tett att. Fyll han halvfull.
  2. Legg posen i kokande vatn og la han koke cirka 2 timar. Prikk posen under kokinga slik at lufta kjem ut. Legg posen kalt til han skal brukast.
  3. Skjer pysja i skiver og verm dei i panne med litt feitt.

Hardbrød og gjerne steikt flesk høver godt attåt.

Rettens opphav

Sekkjepyse mauk er ein gamal rett frå Lesja. Oppskrifta er henta frå boka «Hettgjort på stusse», utgitt av Norges Bygdekvinnelag i 1998.