Bordstabelbakkels

bordstabelbakkels

Bordstabelbakkels

Tradisjonsrik julekake frå Jølster.

Kaker

Middels

3timer

Sogn og Fjordane

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 2 stk egg
  • 250 g sukker
  • 2 ss fløyte
  • 500 g kveitemjøl (cirka)
  • 250 g smør/margarin
  • 4 stk eggekviter
  • 1.5 dl sukker
  • 300 g skålda mandlar

Fremgangsmåte

  1. Pisk egg og sukker til eggedosis og tilset i fløyten.
  2. Smuldre smøret i mjølet og bland i eggedosisen. Elt saman deigen og set han kaldt.

Topping:

  1. Visp eggekvitane halvstive og tilset sukker og malne mandlar.

Baking:

  1. Kjevl deigen tynt ut og skjer ut stenger på om lag 16 x 3-4 cm.
  2. Steik kakene midt i omnen ved 180 grader i 5-6 minutt til dei er lys gule. Avkjøl på flat rist.
  3. Når alle kakene er steikte, legg ei stripe med mandelmasse på kvar kake. Legg dei på plate igjen og set dei i omnen ved 75-100 grader med omnsdøra litt open. Lat dei stå til mandelmassen har stivna utan å bli mørk, om lag 2 timar.

Ein serverer gjerne bordstabel til dessertane i jula.

Tips!

Dersom ein køyrer mandelmassen på matmølle og har i litt ekstra eggekvite, kan ein sprøyte massen på kakene. Ein kan òg legge på mandelmassen med ein gong. Steik dei då ved 175 grader i 10 minutt.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er frå boka «Alle tiders Fjordamat» av Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal (utgitt i samarbeid med Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag på Selja Forlag i 2002).
Bordstabel blir av mange rekna som ein av dei sju slaga til jul. I boka kan vi lese at tradisjonen med dei sju slaga til jul gjeld det vi til vanleg kallar småkaker. Dei kan vere steikt i smolt, jarn eller steikjeomn. Dei som vart steikte i smolt og i jarn er nok dei eldste sortane. Mange hadde ikkje tilgang til steikjeomn før vedkomfyren kom på byrjinga av 1900-talet. Etterkvart som margarinen kom og erstatta smøret, og sukkeret var rimelegare og betre tilgang på, kunne også «vanlege folk» lage småkaker.