
Knøost
Tradisjonsrik ost etter oppskrift fra Grindheim.
Tilbehør
Middels
5døgn
Vest-Agder
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 2 l sur skumma mjølk
Fremgangsmåte
- Varm melka til 80-90 grader. Mjølka må ikke koke. La mjølka stå og trekke til osten har samla seg.
- Ta opp osten og sil mysa godt i frå. Ha osten i eit fat og smuldra han fort.
- Dekk osten med eit klede og set han på ein lun stad til gjæring. Snu i osten ei til to gonger daglige i 3 – 4 dagar. Då skal gjæringa vere i full gong. Det luktar ille – men resultatet blir godt. Det beste er å setja osten på toppen av eit skåp, godt tildekka i eit rom med jamn varme (cirka 20 grader). Er varmen passe er osten ferdig etter endå noen dagar. Kna han opp med salt etter smak og kanskje karve. Du kan bruke litt søt fløyte når du knar osten – da blir osten ekstra god.
- Legg osten på eit fat og sett kjølig.
Knøost passar til brødmat. For å få osten holdbar kan ein koka han opp for å stoppe gjæringa. Då blir knøosten blank, seig og god.
Rettens opphav
Knøost er en type ferskost eller delvis modnet ostemasse, som har lange tradisjoner.
Denne oppskriften er hentet fra boka «Matminner frå Grindheim», utgitt av Grindheim Bygdekvinnelag i 2017.