
Festkake
Kjempegod og glutenfri fargeklatt på kakebordet ved dei store anledningane.
Kaker
Middels
2timer
Hordaland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 5 stk egg (skiljast)
- 250 g hasselnøttkjerner
- 250 g melis
- 150 g sukker
- 1 dl kremfløyte (til gul krem)
- 150 g usalta smør
- 2 ts vaniljesukker
- 0.5 l kremfløyte
- 0 ukjent kiwi, jordbær, mandarin, druer til pynt
Fremgangsmåte
Nøttebotnen:
- Forvarm ovnen til 180 grader. Smør og kle ei form (24-26 cm) med bakepapir.
- Mal hasselnøttkjerner. Stivpisk eggekvitane. Rør saman med malte hasselnøtter og melis.
- Steik i cirka 25 minutt på nederste rille.
Eggekrem:
- Bland eggeplommar, sukker og fløyte i ein kjele og gje eit oppkok. Rør heile tida så kremen ikkje skil seg. Tilset smøret og rør til det er smelta. Smak til med vaniljesukker. Avkjøl.
Montering:
- Ha eggekremen utover nøttebotnen.
- Pisk krem av fløyte og dekk kaka med denne. Pynt med kiwi, mandarinbåtar, jordbær og blå eller grøne druer.
Tips!
Det kan vera lurt å frysa ned botnen med gul krem på før ein har kremen over. Det kan derfor vera lurt å lage kaka over to dager.
Rettens opphav
Frå 1900 og utover vart det vanleg med vedkomfyrar med steikjeomnar. Då kom formkakene meir i bruk og konkurrerte ut kakene som var steikte på helle – som var mest vanleg fram til då. Blautkaker i ulike varianter vart meir vanlig, og spesielt frå 1950-talet ble det meir variasjon i kakene.
Denne oppskriften ble sendt inn av Liv Spilde i Bjørgum Bygdekvinnelag til Norges Bygdekvinnelags oppskriftstafett i 2012.