close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


stykjjibrød på asjett

Stykkjybrød

Tradisjonsrik bakst frå Vågå.

  • local_offer Brødmat/Bakverk
  • local_dining Middels
  • timer 2 timer
  • location_on Oppland
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 kg smult
  • 1 kg potetstappe
  • 5 dl mjølk
  • 12 ts natron
  • 12 ts salt
  • 250 g kveitmjøl
  • 1300 g byggmjøl

Fremgangsmåte

  1. Mjuk smult (skal vere over romtemperatur, men ikkje smelta.)
  2. Elt saman med potetstappe, mjølk, litt kveitmjøl og byggmjøl til fast deig.
  3. Kjevl ut til ein kvadratisk leiv. Bruk rutakjevle på slutten, og avslutt med å gå over med ei piggtrinse. Del opp i firkantar og steik brøda pent på båe sider til dei er sprø. Hugs å steikje den sida du kjevla på fyrst. Takka på 5-6.
  4. Smør på godt smør og Gudbrandsdalsost.

place
Oppland

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Vågå Bygdekvinnelag. Dei skriv at stykkjybrød heiter og Storrummbrød, og vart laga til jul når det var tilgang på smult på gardane. Dei vart ofte ete med rauost på, men mange brukar syltetøy og. Ei dei prata med visste om at nokon et dei med sylt på! Det var det nok ikkje mange som brukte, men nokon var det!