close
search
close

Logg inn


Glemt passord? Personvern

Registrer deg

Ved å registrere deg får du tilgang til dine favorittoppskrifter uavhengig av hvilken enhet du bruker


rømmegrøt i bolle

Rømmegraut

Rømmegraut blir også nytta som slåttegraut i Jølster.

  • local_offer Grøt
  • local_dining Middels
  • timer 50 minutter
  • location_on Sogn og Fjordane
  • favorite_border
    Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 l kremfløyte
  • 1 l heil mjølk
  • 100 g semulegryn
  • 100 g kveitemjøl
  • 6 dl seterrømme
  • 1 ts salt

Fremgangsmåte

  1. Kok fløyte og rømme (dersom ein fryser fløyten før bruk er det lettare og skilje ut fettet etterpå). Sikt i mjøl og gryn, rør det saman med stålvisp.
  2. Så må dette koke til fettet skil seg ut, ta det av med ei ause og ta vare på dette, for å ha det på toppen av grauten ved servering.
  3. Når ein har tatt av det fettet ein ynskjer sper ein grauten med mjølka til den er passe tjukk og har i saltet. Kok i 30 min, kan koke lenger.

Serverast med fett, sukker, kanel og rosiner. Elles er det vanleg med saft, spekemat og flatbrød eller kringle.


place
Sogn og Fjordane

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Eva Kristin Årdal frå Årdal og Helgheim Bygdekvinnelag. Ho skriv at dette var festmat mange stadar i landet, ved bryllaup, ved barsel og som slåttegraut.
Her hos oss er det fortsatt tradisjon å ete rømmegraut på 17. mai og slåttegraut når graset er komen i hus.